Kulturformgivaren
Velkommen til sida mi p� nettet. Namnet mitt er Bj�rn Sverre Hol Haugen og m�let med denne sida er � presentere dei ulike aktivitetsomr�da eg breier meg over, inspirere fleire til � bli interessert noko av alt det eg er oppteken av, og tilby kunnskapen min til dei som m�tte �nskje � ta imot.


Kulturformgivaren er registrert som firma i Br�nn�ysund, og eg tar konsulentoppdrag innanfor dei ulike omr�da nedanforNovember 20, 1999

 Folkedans og folkemusikk
 Bunad og Folkedrakt
 Museum
 Byggeskikk
 M�lf�re
 Lokalhistorie

p>

N�r du fyrst er innom sida mi, kan du kikke p� denne.



http://www.fortunecity.com/

Her er den fortl�pande teksten
    Folkedans og folkemusikk
    Heilt fr� eg var liten gut har eg dansa folkedans. Fyrst i Barneleikarringen til Odal Bygdeungdomslag, seinare ungdomsringen der og under studietida i Oslo i Bondeungdomslaget i Oslo. Den seinare tida er det bygdedansen som har kommi hjartet n�rast.
    Polsdans fr� Finnskogen
    Heidi Arild og Sinikka Langeland tok opp att den gamle bygdedansen i dei synste delane av Hedmark fylke, mens dei tok Folkedansstudiet i Trondheim. Fr� 1993 og frametter skipa dei til samlingar for � ta dansen i bruk att. Sidan Heidi har hatt Gr�nland som bustad i tre �r, tykte eg at vi m�tt pr�ve � fortsetta � danse mens ho var borte. Difor har Veslem�y Nordset Bjerke og eg pr�vd � stimulere fleire til � danse denne dansen. Om du er interessert i � h�re meir om dansen, arbeidet med � ta opp att ein tradisjonsdans eller har lyst til � l�re dansen, kan du sende meg eit skjermbrev.
    Landskappleik p� Oppdal
    Musik vid Siljan
    J�rn Hilme
    Distriktskappleik
    HF-stevne 2000
    Eidsvollstevne 2000
    Eidsvoll Museum planlegg i samarbeid med Steinsg�rdskroken spell- og danselag � arrangere eit folkemusikkstemne p� Eidsvoll Bygdetun den 24. juni 2000. Stevnet er planlagt som eit uformelt folkemusikktreff, der det ikkje er kappleik. Vi legg opp til ei m�nstring p� ettermiddagen, der vi vil invitere folkemusikkut�varar av alle slag til � vise publikum kva dei er gode for. Kveldsprogrammet startar med ein konsert fr� den gamle scena. Seinare p� kvelden blir det runddansmusikk p� det store dansegulvet, intinkonsert p� Oppsaltunet, bygdedansspel i og ved Engerbygningen.
    Vi oppmoder alle til � bruke ettermiddagen p� Bygdetunet. Museet er opent under m�nstringa, og det er eit triveleg friluftsomr�de � ta med seg nistekorg og sl� seg ned p� vollen. Kafeen i Engerbygningen vil vera open heile dagen, med servering av varm og kald mat. For n�rare opplysningar, kontakt [email protected]
    Distriktskappleiken 2000
    "Sing s� vi gr�ter da, Elias"
    Dette er eit referat fr� den ultimate konsertopplevinga. Ramme: Avholdslokalet p� Skarnes, pussa opp for nokre millionar i dugnadsinnsats dei seinare �ra. Publikum: eit knippe av kunstnarelite i nasjonal sammanheng; ved sida mi satt Sinikka, framom meg satt Marianne Manns�ker, litt lenger borte satt Helge Reiss; nokre rotekte folkemusikkinteresserte Od�lingar, skaparane av det lokale folkemusikkarkivet; alminnelige kulturinteresserte, nokre hadde sett StorJohan p� marken, prest og menigkvinne; og flest av alle kanskje; dei av hans eige folk. Dei han meinte kunne synge betre enn han sj�lv, dei som song med p� Romani, dei som gret og dei som ba om � f� gr�te. Tater!

    Eg hadde h�rt om han. Eg hadde lesi om han. Eg vart heit da eg las avisa i dag. Eg var s� n�re unna � misse heile opplevinga. Kor mange andre hadde ikkje bladd forbi notisen? Eg gjorde ein liten innsats for � skaffe publikum - og ein publikummar til vart det av det ogs�! Og mange andre hadde vett nok sj�lve. Eg skulle dit og kutta ut jobbrelatert m�te og drog av sted.

    Eg vart heit, eg vart sveitt, eg log og nestan gret eg med. "Da vart jei likkeli". Og eg kan aldri formidle kva det var. Det blyge og det stolte, det vare og s�rgsame med smil og latter, Gud og Himmel totalt atonalt i operavolum. Var det dette far min h�rte da han som sm�gut luska rundt leiren i Dalen? Visste han kva han opplevde?

    Eit sig�ynarorkester med berre ein sig�ynar og resten norske. Enorm sceneutstr�ling fr� ei leiarkvinne som s�g ut som om turneen m�tte avsluttast kva tid som helst. "Slik mage f�r ein ikkje av mat", som Willy Rustad sa. Korleis kan eit konsertprogram stige etter slik opning? � jo. Liksomsig�ynarar og ein ekte sto i salig respekterande ro og h�rte Elias Akselsen traktere gitar og stemme. Respekt for tradisjonen og mannen og kulturen str�lte av blikk og r�rsler. Mannen med svensk og �stfoldsk og nynorsk og itakisme og romani i vokabularet. Med himmelkvelvingen for auga og takksemd for slitet, for � bu i Odalen og for � f� formidle.

    � formidle Europa, arabarland, Norge og Odalen p� ein gong. I Odalen ein torsdagskveld. Og kulturr�dgjevar Kjersti kom med takk. Ho kan faktisk takke etter ein konsert utan � �delegge, fordi ho er like ekte som ut�varande sj�lve. Trampeklapp og ekstranummer. Svensktopp p� Romani med mangehundre�rig tonalitet i r�ysta. Levande i st�rre grad enn noe anna folkeleg eg har h�rt trur eg. Men st�r det noen klar og tar over? Singer noen s� vi gr�ter - etter Ellias?




    Bunad og folkedrakt
    Eg har sidan 1994 arbeidd med eit dokumentasjonsprosjekt i samarbeid med Museene i Sol�r-Odal for � finne ut mest muleg om den gamle draktskikken i omr�det. Dei innleiande studia eg gjorde mens eg arbeidde ved museumsinstitusjonen p� Kongsvinger vart ogs� kopla saman med eit initiativ fr� S�r-Odal Bondekvinnelag som ville laga ny mannsbunad for distriktet. Dette prosjektet skulle eg pr�ve � koordinere, men det har dei siste �ra vori lita framdrift i dette arbeidet. Eg tar mye av skulda, men det har heller ikkje vori engasjement blant dei som skulle arbeide lokalt i dei ulike lutane av Sol�r-Odal.
    Parallelt med registreringsarbeidet har vi leikt oss litt med � kopiere gammalt til eige bruk og noko ogs� for produksjon. Mari Lilleberre tok p� seg � laga kopi av ein stolpering som truleg er laga av "S�lvsmeden p� Gr�nnerud" i Nord-Odal. N�la er godt kopiert og er for sal hos Lilleberre Smykker p� Skarnes.
    N� i 1999 har Liv Marit Oen p� Disen� kopiert ei linskjorte fr� Nord-Disen i S�r-Odal. Originalskjorta er fr� 1840, og var truleg laga �t eit bryllup, men ikkje som brudgomsskjorte men �t far �t brudgommen. Skjorta er dekorert med holfald, knutsaum og musetaggar. B�de original og kopi er handsauma.
    Om du vil lesa meir om klestradisjonar i Sol�r-Odal, kan du vende deg til Museene i Sol�r-Odal og kj�pe tidsskriftet Sol�r-Odal nr 2 1994.

    I 1999 hadde Eidsvoll Museum eit utstillingsprosjekt om klesskikk p� Romerike. Om du vil veta meir om dette, kan du lesa utstillingskatalogen "Klesskikk", som du f�r kj�pt gjennom [email protected]. I samband med utstillinga fekk vi gullsmed Marjolein Hokke til � kopiere ei s�lvn�l etter smeden Ole Daniel Brodshaug fr� Feiring (n� i Eidsvoll kommune). N�la har vorti ein salssuksess, og du kan kj�pe n�la med laus torn hos [email protected] eller med stift bakp� hos Marjolein i butikken hennar i Sundet i Eidsvoll.
    Norsk Folkemuseum har den st�rste samlinga av folkedraktplagg i Norge. Der kan du sj� utstillinga Folk og klede - skikk og bruk, og du kan ta kontakt med deira draktansvarlege, Kari-Anne Pedersen.
    Andre nyttige lenker:
    Husfliden
    Heimen
    Bunad og Folkedraktr�det

    Museum
    Eg er tilsett som styrar ved Eidsvoll Museum. Dette museet er det kommunale museet i Eidsvoll, og har forutan eigne samlingar ogs� ansvaret for generelt kulturvern i kommunen. Hovudanlegget er Eidsvoll Bygdetun, med 26 gamle bygningar, men vi forvaltar ogs� Feiring Jernverk, Bodinsmia og Eidsvoll Okkupasjonsmuseum. Eg er einaste fast tilsette med museet som direkte arbeidsomr�de, men sidan det er kommunen som eig museet har eg god hjelp av ein oppeg�ande kulturstab. Eidsvoll Museum har f�rebels ikkje eigne offisielle sider p� nettet, men du kan lesa meir p� dei uoffisielle sidene ?.. for generell museumsinformasjon kan du s�ke p� Museumsnett Norge. vil du ha meir informasjon om Eidsvoll Museum, brosjyremateriale og prisar og slikt, kan du sende eit skjermbrev til meg p� jobb: [email protected]

    Byggeskikk
    Eg er hovudfagsstudent ved Universitetet i Oslo, Institutt for kulturstudier, p� faget Etnologi. Eg arbeider med hovudoppg�va "� bo i Eidsvollhus" som er ei byggeskikk og buskikkoppg�ve. Emnet er store midtpipehus i Eidsvoll. F�rebels har eg arbeidd med kjeldemateriale i Riksarkivet; hovudsaklig branntakster, men ogs� skifteprotokollar. Visste du kor alminneleg det var med paraply i Eidsvoll p� 1860-talet? Veit du n�r komfyren vart vanleg p� landsbygda - enn parafinlampa?
    Her er eit utdrag av prosjektskissa:
    Innleiing

    Hilmar Stigum skriv i boka "Hus og g�rdsanlegg i Eidsvoll": Et eksempel p� en type hovedbygninger(...), finner vi i hovedbygningen p� Nystun Julsrud.

    Vi f�r den beskrevet f�rste gang i en branntakst som ble foretatt 6. februar 1851. Det var en 6-laftet bygning med nesten kvadratisk grunnplan. De oppgitte tall er 19X16 alen, eller med moderne m�l, 11,7X10 meter. H�yden var 8 1/2 alen. P� dette tidspunkt var bare s�rveggen bordkledd. Huset var delt med en t�mmervegg i nesten to like store avdelinger. I den ene halvdel kom man f�rst inn i en smal gang og videre til en st�rre dagligstue med 4 vindusfag. I den andre avdelingen var det st�rste rom kj�kken med skorstein og to fag vinduer, og mot bakveggen var det avpanelt et lite kammer med to fag vinduer. Alle rom var upanelte og umalte, men d�rer og vinduer var malte. Annen etasje hadde den samme inndeling, med en gang, sal og to kamre. Salen var panelt, men ikke malt. De to kamre var ikke malt eller panelt. P� kvisten var to uinnredede rom. Det var kjeller under huset med nedgang fra stua. Vinduene hadde 16 sm� ruter i hvert fag. N� var det sm� ruter i vinduene p� de fleste g�rder i Eidsvoll omkring 1850. De skulle vel egentlig v�re umoderne p� denne tid, s� vi m� vel regne med en st�rre byggeperiode litt tidligere i �rhudret.

    P� nabogarden S�stun Julsrud ble det samme dag foretatt en branntakst. Hovedbygningen der var av noenlunde samme st�rrelse og med n�yaktig samme grunnplan som p� nabog�rden. Den hadde ogs� 16 sm� ruter i hvert vindusfag.(...)

    Branntakstprotokollene gir uttrykk for at det var mange hovedbygninger av denne type i Eidsvoll p� denne tid. Noen hadde bare en etasje og det er sikkert det opprinnelige. Det finnes fremdeles mange igjen av dem i bygda. Det er vakre hus med gode proporsjoner, og de har forlengst f�tt b�de ytre og innvendig paneling og maling.

    Og her er avskrift av ei branntakst:
    �r 1858
    Samme dag og med samme personale blev en Branstakstforretning afholdt paa Gaarden Hoel i Eidsvolds nordre District efter forlangelnde af Eieren Ole Halvorsen

    1. Gaardbygning 19 Al lang, 16 Al bred, og 9 Al h�i bordkledt paa 2 W�gge og t�kket med Bord og Steen. Indvendig bestaaende af a Ki�ken med 1 D�r, 2 fag Windue samt Skorsteen og en kogeovn, b Kammer med 2 D�re, 2 fag Windue, en 2(?) etages Kakkelovn og W�ggende bordpanelede samt oliemalede, c Storstue med 1 D�r 4 fag Windue, en 3 etages kakkelovn, W�ggene bordpanelede og oliemalede, d Gang med 1 dobbelt D�r med 1 lidt Windue over(?) ? W�ggerne bordpanelede og en Trappe op til 2den etage, der bestaaer af: a kj�ken med 1 D�r, 1 Windue og en skorsteen, b kammer med 1 D�r 2 fag Windue og en 3 etages kakkelovn, d en Sal med en D�r, 6 fag Windue, W�ggene rappede og en 2 etages kakkelovn, c Gang med 1 Windue og w�ggene bordpanelede samt en Trappe op til S?hvori er indsadt 2de Windue Tagst 900

    M�lf�re
    Eg er av dei f� som skriv om lag like mye p� bokm�l og nynorsk. Det er likevel ikkje noe � halde d�lgt at eg helst skriv nynorsk. Dette har sammanheng med at eg er ein aktiv dialektbrukar. Nokre meiner eg har vaska dialekten mi med Blenda. Og ja, eg har nok normert meg attover i tida. Kanskje eit og anna ord eller ei eller anna vending kan leva litt lenger slik?


.


.


.


Favorite Links
This page has been visited times.